Friluftsliv i korona-tider

Foto: DNTs arkiv

Bruk nærmiljøet ditt, seier myndigheitene. Men kva er så det?

Er det trimløypa du trakkar i fleire gongar i veka? Eller stadene med fulle parkeringsplassar, der «alle» går? Der det likevel er så mange at det ikkje er mogeleg å halde den anbefalte avstanden til andre? Sjølv om ein faktisk er ute på fjellet?

Det er jo det også, men det finst alternativ for den som veit kor ein skal leite, og gidd å gjerne det. Vi har store naturområde på Sunnmøre. Nokre er kjende perler, medan andre er mindre brukt. Felles for alle er at det i nærleiken finst stiar som nesten ikkje blir gått, sætrar som berre dei eldste hugsar og dalar som berre saudene veit om (og kanskje dei som driv med saudesanking).

Det er fleire måtar å finne desse stadene på. Den grundige, som likar å forberede seg, vil kanskje studere kartet, sjekke gamle bygdebøker eller snakke med eldre slektningar (på telefon) og vite nøyaktig kor han skal før han legg ut på tur. Dei impulsive set kanskje foten litt utanfor den vante stien og finn ein eigen veg dit ingen skulle tru at nokon ville gå. Det spelar ingen rolle korleis ein gjer det, det er målet som tel, og det er å utforske det vi tek for gitt, det vi trur vi kjenner.

Nærtur, 100 meter frå der eg bur.
Nærtur, 100 meter frå der eg bur. Foto: Tor Ivar Bertheussen

Når du så har funne deg din eigen lille plass i den store naturen, kva gjer du så? I staden for å snu og gå heim til husarbeid og matlaging kan du kanskje dra ein kaffe-Lars opp av sekken, tenne bål og kose deg ei stund i det fri. Har du med ungar vil dei sikkert bli glade for kakao, ostesmørbrød på bål og seigmenn til dessert (dei er ikkje så gode når dei blir grilla, forresten). Hugs hovudlykt og drøy heimturen til det skumrast. Eller du dreg også telt, liggeunderlag, soveposar, klesskift, insta-vennlege lyslenker, ei bok med godnatt-eventyr, nattlue, hovudputer og til slutt ein liten klunk til å roe nervane med før du sjølv kryp i posen, opp av sekken? I så fall er du ikkje berre på tur – du er på oppdagingsferd, på reise, på ferie både ut- og innvortes.

Foto: DNTs arkiv

Kan hende denne staden er i hagen din, eller opp den gamle stikkvegen du køyrer forbi på veg til jobb kvar dag, eller du tek til venstre i staden for til høgre på den vante stien. Men mest av alt er den inni deg sjølv. Gjev du det ein sjanse?




Skrevet av Tone Drabløs 25. mars 2020