Foto: Heidi S. Jaegtnes

Ta middagen i det fri!

I desse koronatider, er det perfekt å ta ein tur i nærområdet og ta middag eller kvelds ute.

Eit genrerelt tips er å hakke opp ting heime. Då går det fort når ein kjem fram. Dersom du er på fleirdagstur, bør du derimot droppe dette, pga haldbarheit.

Det er lurt å pakke inn smør i ein liten tett boks. Matfløte har betre haldbarheit enn kremfløte. Det går også an å bruke vikingmelk eller havremjølk, som ikkje treng å oppbevarast kaldt.
Ting som held seg godt over tid og tåler litt temperatur i sekken er feks bacon og alt som er tørka. Frose, vakumpakka kjøt, held seg også ei stund.Ha gjerne med ein platpose til skitne reiskapar, så slepp du gris i sekken. Det er lurt å bruke litt mose og tørke av gryter og slikt - då vert det reinare på returen.

Her er nokre enkle oppskrifter for den som vil starte med utemat - på bål eller stormkjøken. Bonapetit!

Mat på bål

Torsk i folie
Torsk - filet, salt og pepper på
Ein god klatt smør
Purre
Små tomatar - del i to
Litt fenikkel
Ein klatt rømme eller creme fraiche


Slik gjer du:
Pakk alt saman inn i folie, legg på bålet til fisken er ferdig (ca 5-10 minutt)
Tilbehør: Potetmos, ris eller kokt potet.

Tacolaks i pitabrød
Laksefilet med tacokrydder
Ein klatt smør eller olje
Pitabrød
Salat etter ønske, evt rømme og raspa ost

Tips: lag salaten og raspa ost klar heime. Putt i små boksar.
Pakk inn laksefileen, krydre og legg den i folie, saman med litt olje eller smør.Legg på bålet til fisken er klar (5-10 minutt)
Varm pitabrøet på ei steikepanne eller over open eld (pass på så det ikkje vert svidd). Du kan sjølvsagt bruke tacolefser eller det du likar til.


Pizzapinnebrød

4 dl kveitemjøl

12 ts salt

2 ts sukker

2 ts bakepulver

5 ss matolje

ca. 1,5 dl vatn
Raspa kvitost
Pizzakrydder
Soltørka tomat
Skinke/pepperoni i småbitar

Bland saman det tørre, ha i vatn og olje til slutt. Klapp litt olje rundt deigen. Putt så dette i ein pose eller ei boks. Spikk pinne og fyr opp bål. Vent til det vert glør. Snurr litt deig rundt pinnen og steik over glørne. Snu ofte - pass på at det ikkje vert heilt svidd!

(PS pinnebrød for late eller travle: kjøpt ferdig pizzadeig i ferskvaredisken. Krydre og snurr!)

Mat på stormkjøkken

Amerikanske pannekaker med bacon og frukt
Røre:
3 egg
5 dl mjølk
0.5 ts salt
2 ts bakepulver
100 gram smør
3 ss sukker

Tilbehør:
Lønnesirup eller honning
Blåbær, banan, mango, kiwi, banan, jordbær eple eller anna frukt du likar
Bacon

Bland saman røra heime, fyll på flaske ( ei brusflaske eller liknande.
Steik bacon først.
Steik så røra på steikepanne, som små, tjukke sveler.
Server med frisk frukt.



Kikertgryte med bacon og sopp
1 pk kikerter

3 fedd kvitløk
1 sjalottløk
1 boks hermetiske tomatar  (eller ferske!)
1 terning kjøttbuljong
Sopp (fersk, tørka eller hermetisert) Særlig godt med steinsopp

Ein dæsj smør

Fres bacon, sopp og løk på middels varme i litt smør. Ha kikerter, tomatar og kjøttbuljong oppi gryta og la det surre litt.
Server med potetmos, brød, ris eller det du likar best.


Viltgryte med sopp - fire personar (2 vaksne, to barn)
500 gram kjøt (hjort, elg, rein, eller okse)
2 sjalottløk

2 fedd kvitløk
½ sellerirot
3 gulrøtter i terningar
200 gram sopp (steinsopp, kantarell, traktkantarell eller sjampinjong- helst fersk eller tørka)
1 boks hermetiske tomatar
1 pakke creme fraiche eller matfløte (matfløte er lettast å frakte)
Smør
Krydder som timian, einebær, eller viltkrydder, salt, peppar

Fres kjøtet saman med løken. Skjer opp sellerirota i små terningar og tilset saman med hermetiske tomatar og sopp. La det putre, ha i fløte eler creme fraiche. Vert det for tjukt, reguler med vatn. Smak til med krydder.

Server med potetmos, poteter, ris, pasta eller det du likar.


Tekst og oppskrifter: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Skrevet av Tone Drabløs 18. mars 2020