Trekanten i Tafjordfjella

Trekanten i Tafjordfjella, som går innom Reindalseter, Veltdalshytta og Pyttbua, har blitt en klassiker. Her får en oppleve variert terreng, og selv om snøen lå igjen noen steder, fikk årets 14 deltakere en flott turopplevelse. 


14 stykke la ut på tur 4. Juli. Vi gjekk frå Zakariasdammen til Reindalseter, kor ei fantastisk betjening møtte oss.

Etter tre retters middag og synfaring av det vakre område rundt hytta, gjekk ein fornøyd gjeng til sengs.


Dag to gjekk frå Reindalseter til Veltdalshytta. Ei spektakulær rute som viser kontrastar både i snø, fossefall og bratte partier.

Vel framme ved Veltdalshytta, vart det diska opp med tre retters middag av to sjølvutnemnd kokkar. 

Maten smakte nydeleg og gjengen vart raskt klar for ein tur til den historiske Fielfare hytta. Åsmund fortalte den dramatiske historien,og turdeltakarane fekk gå inn å sjå 


Dag tre gjekk dei fredlause sin veg. Her splitta gruppa seg i to. Nokre tok topptur til Karitind, men andre valte å gå direkte til Puttbua. Mykje snø, var ingen dempar for ei fantastisk rute. 


Dag fire strakte seg frå Puttbua til Reindalseter. Dette var den lengste ruta. Opp Puttskavelen gjekk som ein draum, på tross av mykje snø. Og vi vandra lett ned gjennom den vakre Reindalen.


Vel framme ved Reindalseter, smakte det godt med nydeleg baccalao. 


Siste etappe gjekk frå Reindalseter og ned til Zakariasdammen. Ei sjarmøretappe som kan vere ei utfordring for trøytte anklar . Alle kom seg uskadd ned, og ein godt fornøyd gjeng tok farvel for denne gong.


Skrevet av Anna Rønneberg 17. juli 2017