DNT ung Sunnmøre på hyttetur

Foto: Maria Hatlevik Borg

Halvbra vær og manglande skiføre hindrar ikkje DNT ung Sunnmøre i å dra på tur. Sist helg var dei på Velleseter.

Tekst: Maria Sætre

Vi var ni personar som skulle på hyttetur til Velleseter med DNT ung 25.-26. januar. Laurdag starta vi turen med å ta buss til Hjorthol i Velledalen. Bussen som kom frå Ørsta og Ålesund kom ein time før bussen frå Stranda. Derfor måtte vi åtte tidlegaste, komme opp med diverse leikar for å halde oss varme. Det blei hi ha ho, sheriff, hauk og due o.l.. Kl. 17.30 kom Maria og vi byrja å gå, det var blitt mørkt og det regna/sludda. Hovudlyktene og regnkleda våre kom derfor godt med.


Då vi kom til hytta fyrte vi opp, varma opp vatn og laga mat. Vi hadde fått i oppdrag å vaske alt bestikket på hytta, så når vatnet blei varmt, starta delar av oss med det. Til mat blei det taco, noko alle syns var godt. Utover kvelden spelte vi mafia og politisk ukorrekt.


Søndag sto vi opp, åt frukost, spelte spel og laga pinnebrøddeig før vi rydda ut av hytta og var ute til kl. 12. Ute heldt vi på med anti -gøyme-og-leite. Planen for dagen var å finne ein stad å tenne bål og gå ned til å rekke ein buss 16.30. Sida det blåste ein del ved hytta, bestemte vi oss tidleg for å starte på turen ned og finne ein stad å fyre bål.


Turen ned gjekk med på å snakke om turar vi må få til seinare. Leo og Kaja prøvde å få aka på den minimale snøen som fanst, mens Maria B prøvde å få tatt bilde. Vi bestemte oss for å tenne bål ved stien som gjekk mot Brunstadsætra. Maria B tente bålet, mens vi andre fann fram maten vår. Det blei pinnebrød med sukker og kanel i tillegg til nista. Pga. den vesle vinden som var, bestemte røyken seg for å gjer det delvis ubehageleg å sitte å grille pinnebrøda. Fredrik og eg blei utsett for røyk.


Igjen gjekk bussen mot Moa og bussen mot Stranda til forskjellige tider, Maria B måtte fare ein time tidlegare, og resten av oss sto igjen på marka oppe med Brunstad Kraft og leika ninja.


Takk for turen!


Skrevet av Tone Drabløs 30. januar 2020