Patchell Fjellsport på Remmemstinden i Vestnes

Foto: Gunnar Festøy

Ein flott og spennande tur til Remmemstinden i Vestnes.

Vi møttes på parkeringa klokka 1000, det var alle fall det vi skulle, litt vanskeleg å finne fram til setervegen, men med kløkt og magekjensle kom vi fram fem på ti, det holdt akkurat det. 

Det er alltid kjekt å vere på tur med Patchell Fjellsport, vi presenterer oss og blir litt kjent med kvarandre før start. Praten gjekk lett i gruppa og turen blei akkurat slik vi hadde tenkt oss. 
Vi gjekk på skogsveg, traktorveg eit godt stykke opp før vi kom ut i ope terreng og peila oss inn på den fyrste varden på haugen. Ei lita pustepause på varde nummer to , før vi sikta oss inn på ryggen, og starta stigninga til toppen. For ein tur, for ein kjekk travers. Det var litt glatt i einskilde parti, og det vart beslutta å spenne opp tau rundt det vanskelege partiet før dei siste klyvetaka opp. Alle mann, som hadde hugsa,  måtte på med broddar, slik vi var trygge for vidare oppstiging. På toppen stråla vi om kapp med sola, vi kunne ikkje drøymd om ein finare dag. Eg talte 9 vardar på heile turen, den største og mest fantastiske stod på toppen av Remmenstinden 1090 moh. Det vart litt utfordrande siste del av stien ned mot brua, som ligg i skuggen, slikat  ein måte trø forsiktig for å vere sikker på å ein kom heil ned til bilane. Eg let bileta snakke.

Helsing turdeltakar Rigmor Nekstad

Skrevet av Tone Drabløs 21. oktober 2019