Foto: Marcin Krzeptowski

Nye sommarturleiarar i ÅST

DNTs turleiarstige består av fleire kurs som bygger på kvarandre. ÅST arrangerer fleire ambassadør- og grunnleggande turleiarkurs kvart år, og samarbeidar med DNT Romsdal om sommer- og vinterturleiarkursa. Her er beretning om årets sommerturleiarkurs frå deltakar og nybakt sommarturleiar Rigmor Nekstad og bilete frå Marcin Krzeptowski, også nybakt sommarturleiar.

Hurra, eg vart godkjend! EG - ein Sommarturleiar 2019

Eg ville veldig gjerne ta dette kurset i fjor, men det fekk eg ikkje, fordi eg mangla både ambassadør- , og grunnleggjande turleiarkurs, då var det berre å sette i gang og klatre stigen. For det er det ein må, stå på avsatsen før ein kan starte å gå trinna. Eg har vore på eit fantastisk flott kurs med flotte mennesker som byr på seg sjølv. To fantastiske instruktører med ulike kvalitetar som koplementerar kvarandre i alt og eit. Humoren sitter laust, og det er alltid ein fordel.

Eg er nok over gjennomsnittet fjellvant, og elskar bratte oppstigingar i relativt høg fart, men for meg handla dette om å tilpasse seg ulike situasjonar, og ikkje minst å lære noko om seg sjølv. Eg veit eg har høg terskel for kva ein måtte tåle, ein sterk psyke og rimeleg god fysisk form, men det er ikkje berre det eit slikt kurs handlar om, og det er det som er så innmari fint.

Drivkrafta mi er å få med folk på tur som elskar fjellet, eller som har veldig lyst til å elske fjellet etter kvart, som turleiar er det, på ein måte, mitt ansvar at dei vil elske fjellet, etter kvart, like mykje som meg. Kurset går over to helger i september månad, og anbefalast i aller høgste grad. Ei helg på Sunnmøre og neste i Romsdalen, eller omvendt.

Denne hausten var vi først i Tafjordfjella, som er mi leikegrind, eg har gått omtrent alle stiane og vore på dei fleste toppane, men den turen vi gjekk første dagen, den hadde eg aldri gått, frå Tunga opp til Trollkyrkjetjønna, vidare over Nørdre glupen og ned til Torsbu, ein utruleg flott tur. Eg hadde håpa på dårleg vêr og det fekk vi, for det handlar om å takle ulike forhold i fjellet. Ved Torsbu, satt vi opp telt, i regn/sludd, og sov ute. Vart litt trongt då vi berre hadde med to telt, men det gjekk greitt, det vart ikkje mykje søvn, for å seie det slik. Neste dag, etter ei økt med kart og kompass, var vêret betre då vi gjekk frå Torsbu, over Radiovatnet og ned til Pyttbua. Før vi kom til Pyttbuda vada vi over elva, det var forfriskande. Vel framme på Pyttbuda var det mat og teori. Vi skulle eigentleg ut å orientere i mørket, men vi var så seint framme at det fekk vi diverre ikkje gjort, men vi hadde orientert i mørket dagen før, så det var for så vidt greitt. Søndagen var det frukost og førstehjelp, så bars det over fjellet, ned til Tunga, kor bilane stod parkert og heim.

Eg gledde meg allereie til neste kurshelg, dette var utruleg kjekt og lærerikt. Siste helg av turleiarkurset gjekk turen til Venjedalen i Romsdalen, kor oppsteget til Romsdalseggen går. Ein flott dal med majestetiske Store- Venjetinden som næraste nabo til hytta. Vi budde på Venjedalsbu som ligg i hyttefeltet i Venjedalen. Første kveld var det praktisk førstehjelp, dagen etter tur til Blånebba 1320 i eit fantstisk vêr, vi kunne ikkje be om betre, neste dag gjekk turen til Hurrungsvatnet 892, og vidare til toppen bak 1257, for å sjå ned i Kvanndalen(skuggedalen), og breden på Store Venjetinden, i strålande vêr vart dette eit fantastisk punktum for to lærerike helger på Sommarturleiarkurs i regi av Ålesund-Sunnmøre Turistforening og DNT Romsdal.


Helsing Rigmor Nekstad

Skrevet av Tone Drabløs 26. september 2019