Årets SignaTur Tafjordfjella

Foto: Sindre Nakken

Som turleiar på SignaTur gjennom Tafjordfjella kjenner ein det kriblar i kroppen tidleg på våren. Når påmeldingane tikkar inn, startar vi å planlegge årets tur. Vi leitar opp evalueringa frå turen i fjor og tenker at turen i år skal bli enda betre. Nokre testturar for å kome i turform, planleggingsmøte rundt eit nydeleg sushibord, prøvepakking og veging av sekk er nokre førebuingar som må til.

Siste søndag i juli er vi klare i lag med ein flott bukett deltakarar frå både nærområde og fjernare strok av landet. Ein siste skillingsbolle blir fortært frå eit bakeri i Valldal og nokre ekstra gram blir lagt i sekken.


Grønning i Valldalen er startpunktet. Gradestokken viser utrulege 32 grader. Det er nesten ikkje eit vindpust. Vi startar roleg opp bakkane til Steindalstøylen. Skuggane trea kasta er gode og vassflaska omtrent tømd før vi kjem opp. Her tek vi ein god rast med presentasjon, risikovurdering og påfyll av energi. Største utfordringa gjennom Steindalen er å drikke nok vatn. Då vi kjem fram til Tjønnebu tidleg den kvelden, forsvinn dei fleste for å ta eit avkjølande bad. Etterkvart vert det fordeling av sengeplassar i hytta og teltplassar i området rundt. Kvelden vert avslutta med gjennomgang av turetappen neste dag.

Temperaturen er omtrent like høg dag to. Det er heilt snøfritt langs Illstigvatnet og forseringa ved det bratte partiet går utan vanskar. Turdeltakarane er like positive som vèret og det går leikande lett opp til det høgste punktet, Børrebottreset. Der rastar vi ved eit lite tjønn som gir høve til både symjing for dei tøffaste og fotbad for andre. Sidan målet for heile turen er å vere undervegs, tek vi likegodt ein time pause her før turen går vidare nedover Børrebotnen mot Ulvådalen og Vakkerstøylen. Deltakarane er svært beigeistra over den koselege tømmarhytta ved Ulvådalsvatnet. Også her vert det badeliv for å kjøle seg ned etter ein lang dagsmarsj. Vi deler på å lage middag og ta oppvasken og her blir det både bacalao og pasta.

Badeliv på Børrebottreset
Badeliv på Børrebottreset Foto: Sindre Nakken

Erfaringar frå tidlegare er at tredje dagen kan vere den tyngste. Når Tungegrova er delmålet denne dagen, så er oddsa litt i mot oss. I år går det overraskande bra. Først med dyktige roarar over vatnet, så første etappe opp til vatnet 1228 moh. Enkelte gruar seg til dette partiet, men det går over all forventning. For fleire vert meistringskjensla heva fleire hakk. Turgleda skin gjennom og vi gjer oss klar til neste etappe, til skaret mellom Høgtunga og Lågtunga. Dette strekket går gjennom steinur og snø. Gleda er stor når vi rundar skaret og kan nyte synet av Pyttegga og Karitind. Ein rast vert nødvendig før vi tek til på nedstigninga til Pyttbua.



På vei opp Tungerøten
På vei opp Tungerøten Foto: Sindre Nakken


Vi startar turen mot Veltdalen på dag fire, med skodda hengande lågt i fjella rundt oss. Det yrar og regnkleda må på. Nyeråsa frå Pyttbua er tydeleg og er ei fryd å gå. Før motbakkane ved Svartsteinane, vert det behov for ein teknisk stopp. Ved Radiovatnet finn vi ein god plass å raste i le for vinden. I nedstigninga får vi sjå Torsvatnet som strekk seg innover. Turen vidare går gjennom ein steinørken. Det ligg lite snø, så det blir ei god ykt å gå i steinur i retning Veltadalshytta. Vassføringa er stor i elva som går ned til Veltdalen, derfor vel vi å halde til venstre til vi kjem ned på flata. Vi kryssar elva før siste nedstigninga, Viltløyfti.  Hytteverten i Veltdalen gir oss ein varm velkomst med nysteikte sjokoladebollar. Det smakar heilt fantastisk etter fire dagar på tur. Middagsgjengen kjem raskt i gang og vi kan raskt nyte ein deilig middag med påfølgjande dessert. Nokre bruker kvelden til museumsbesøk, medan andre benkar seg i sofakroken.



Femte etappe går gjennom golde Veltdalen til frodige Reindalen. Ein dag med kontrastar. Vi tek eit obligatorisk stopp ved Fieldfarehytte der Sindre fortel om Kompani Linge sitt motstandsarbeid under krigen. Vidare følgjer vi råsa til Smette der vi har ein god sms-stopp, sidan dei fleste får kontakt med omverda her. I år aukar vi kvaliteten på rasten med ost og kjeks, sidan vi er litt over halvvegs i Signaturen. Råsa ned Reindalen tek omtrent pusten frå oss. Den er godt lagt tilrette forbi bergnabbar, jettegryte, sva og knausar. Deltakarane på turen er mektig imponert over naturen og råsa. Då vi nærmar oss Reindalssetra går oss i furuskogen og fantaserar om ein varm dusj og den gode potetballen som ventar oss. Og vi vert ikkje skuffa. Reindalssetra svarar til forventningane på alle måtar.



Dag seks starta med turen si store store styrkeprøve, opp Daurmålshaugen. Det er ei bratt stigning, men ikkje nok med det. Denne etappen er den lengste. Vi startar med friskt mot oppover. Roleg og jamnt tempo. Ved fremste enden av Daurmålsvatnet tek vi første rasten. Siste høgdemetrane denne dagen går i høgfjellet. Det er lite snø i fjellet, kun nokre få snøflekkar å gå over, før vi kan kike ned mot Viksvatnet og skimte Danskehytta på ei høgde. Vi kjenner at føtene er trøytte og at vi har gått langt over fleire dagar. Vi brukar tid denne dagen. Hytta står der og vi treng ikkje skunde oss. Det er ei tydeleg og fin rås ned til demninga ved Viksvatnet. Vi tek ein god rast på demninga, før vi tek til på siste delen mot hytta. Dei tøffaste kastar seg ut i badetjønnet ved hytta og vert ikkje skremd av isflaka. Vi får ein triveleg kveld på Danskehytta med god middag og dessert. Det vert ein sjeldan varm og stille kveld. Dei fleste får med seg ein flott solnedgang og eit fåtal ein nydeleg soloppgang neste dag. Fleire kjenner på vemod over at turen nærmar seg slutten. Vi gler oss over at vi kan starte nest siste dagen med ferske brød frå Reindalssetra til frukost. Takk til kokkane som baka til oss. 

Daurmålshaugen
Daurmålshaugen Foto: Sindre Nakken

Vi startar turen ein time seinare denne dagen. Skodda ligg som ei dyne ned i Rødalen. Kalhussetra er målet for dagen og det er kun ei kort sjarmøretappe dit. Vi startar med ei kort stigning før vi går ned Reindalshola. Vidare ned gjennom Kaldhusseterreindalen der vi tek ein kort rast. Skodda kjem og fèr, men rundt Fetvatnet ligger den tjukk. Vi tek ein lengre rast ved Tafjord Krafthytta og samlar heile gruppa. Sola møter vi att då vi tek til på anleggsvegen siste stykket ned til vatna i Kaldhusseterdalen. Det er uvant å gå på asfalt, men det går fort siste stykket mot hytta. Ikkje veit eg om det er ein varm dusj eller rjømegrauten som lokkar, men dei ivrigaste spring siste stykket. 


Siste kvelden avsluttar vi med god mat, fleire takka for turen, spel og ein god prat. Neste dag rydda vi etter oss og vart henta med minibuss for å bli køyrd til utgangspunktet. Gruppa vart godt kjend gjennom veka og alle bidrog til at det vart ein god og vellukka tur. Og vi har vel for lengst døypt om denne turen til å kalle den “ein Velsigna tur”.


Helsing turleiarane Irma Håvoll Sætre (tekst) og Sindre Nakken (bilete)

Foto: Sindre Nakken

I SignaTur-konseptet har DNT samla dei flottaste turane Noreg kan by på. Her finn du meir informasjon.

Skrevet av Tone Drabløs 28. august 2019