DNT ung Sunnmøre på UTdanningskonferansen på Voss

Maria Sætre og Maria Borg på skitur i Tafjordfjella i påska
Maria Sætre og Maria Borg på skitur i Tafjordfjella i påska Foto: Tone Drabløs

11.-13. oktober var Maria Hatlevik Borg og eg (Maria Sætre) på DNT UT-danningskonferanse på Voss. Dette er den årlege kompetansesamlinga til DNT innan sikkerheit og førstehjelp i fjellet. Gjennom helga blei det heldt foredrag, aktivitetar og arbeidssesjonar innan turleiing, førstehjelp, kunnskap og sikkerheit i fjellet. Ved påmelding kunne ein velje mellom to parallelle program: grunnkurs førstehjelp i fjellet eller kompetanseheving, erfaringsutveksling og inspirasjon. 

Fredag møtte vi opp på Myrkdalen Hotell og fekk tildelt der vi skulle sove. Vi i DNT Ung skulle ha ei eiga samling ved sida av UT-danningskonferansen, der vi skulle sove på hytter i lag, ha quiz og bruke søndagen til erfaringsutveksling og foredrag.


Maria og eg valde program B og laurdagen blei derfor brukt til foredrag om turplanlegging, inkluderande turleiarskap og læringsmiljø på tur. I tillegg var vi på tur for å lære om turleiing i praksis. På turen blei vi møtt med ulike casar som vi skulle drøfte. Døme er skader og slitne eller sutrete deltakarar. 


Søndagen hadde vi DNT ung-samlinga. Her fekk vi innblikk i andre DNT ung-grupper og vi delte erfaringar, det var også fokus på moglegheiter for samarbeid på tvers av gruppene. 


I løpet av tre dagar lærte vi masse nytt som har inspirert oss for å vidare vere med i DNT.  Maria og eg er einige om at vi lærte mykje nyttig gjennom samlinga som vi seinare vil ha utbytte av. No sit vi igjen med masse inspirasjon, og kunnskap som vi gledar oss til å bruke vidare i DNT.

Helsing Maria Sætre


På tur på Voss
På tur på Voss Foto: Maria Sætre

Skrevet av Tone Drabløs 24. oktober 2019