Reisebrev fra en hyttevert

Foto: Rigmor Nekstad

Eg har vore hyttevakt på Danskehytta, ei fantastisk veke av ferien min. Eg tenkte då eg vart tildelt Danskehytta, det gler eg meg til, den er då ikkje så mykje besøkt og eg får gjort mykje dugnadsarbeid. Det har ikkje vore stille for å seie det slik, dugnadsarbeidet stod halvferdig til ei kvar tid. Ei fantastisk veke med berre kjekke fjellfolk. 

 Det var mange som la turen innom Danskehytta desse dagane; Barnefamilier, kjærestepar, nokon vart fridd til på toppen av Helleggi i solnedgang(søren at eg ikke fekk bilete av det), godt vokse kjærestepar, einslege vandrarar, venninner, nokon er innom for ei stopp på gjennomreise, nokon ligg i telt, men syns det er kjekt å slå av ein prat, store grupper og pensjonistar. Nokon kom til og med tilbake på ein ny tur :-) Eg har fått vere med på det meste denne veka. Det har vore god stemning og latteren har sete laus. Gode historier, turbeskrivingar og noko skjemt har det vore.  

Etter eg hadde fått «kosta» dei førre hyttevaktene ut døra, og alle gjestane var gått klokka 1030, tenkte eg at eg skulle starte på dugnadsarbeid. Eg starta med friskt mot, fekk gjort noko arbeid før dei første gjestane kom, så gjekk det slag i slag med dagsgjester, gjester på gjennomreise som ville slå av ein prat, eller handle proviant til teltturen. Nokon ville ha hjelp til rutevalg og lurte på om det var langt, trygt, vanskeleg eller enkelt å gå. Det er då kunnskapen om Tafjordfjella er til god hjelp. Det var 7 gjester første natta, eg tenkte i morgon får eg gjort ferdig dette golvet… 

Dei siste gjestane gjekk klokka 1300, eg rydda og vaska litt, fordi det er viktig å ha noko å gjere, slik det ikkje vert lange dagar og fort litt kjedelig. Eg fortsette og skrape golvet på do, men det var ikkje lenge eg var der, dei første gjestane kom tidleg, så gjekk det slag i slag, det vart fullt hus og stormande jubel. Ein Familie på 8 kom på besøk, den yngste på 7 år, hadde gått heilt aleine frå Hamseviki. Dei var så innmari kjekke desse borna, og dei hadde mykje å fortelle. Kjekt med litt ekstra liv. Eg hadde funnet boka om Joachim Rønneberg. Viktig å kjenne historia i Tafjordfjella. Eg satt meg ned for å lese, men då kom borna og satte seg ved siden av meg og hadde fleire historier på lager, då måtte boka vike.  

 Etter borna hadde lagt seg og det vart litt rolegare, fekk eg lese litt før to jenter kom opp i eit lettere regnvêr. Dei hadde med seg to hunder og var klar for ei natt i hundehuset. Dei skulle eigentleg ligg ei telt, men det frista litt meir med ei seng og tak over hovudet, som ikkje ga kondens og trommande regndråper på teltduken løpet av natta, som ville halde dei vakne. Veldig gode argument for å la teltet kvile  ein dag til. Veldig kjekke jenter, som stod på terskelen til eit nytt kapittel i livet, etter fem års utdanning. Ein spanande reise inn i det «alvorlege» voksenlivet.  Dei var så innmari kjekke å prate med. Dei gjekk seint fordi vi hadde så mykje å prate om…hehehe 

Så kom eit av høgdepunkta i veka, to fantastiske pensjonistar dukka opp på hytta kring 2030-2100 på tysdag. Dei var eit syn for gudar, dei var henholdsvis 79,5 og 75 år. Turen vidare gjekk til; Reindalseter, Veltdalshytta, Torbu og Billingen, snakk om ekte fjellfolk. Då eg ønskja dei velkomne sa han eine; «Ja, det høyres ut som eg skal få meg ein klem no..» Då eg ønskja han velkommen og han fekk ein klem, vart han andre misunnelig og måtte ha ein han også…Makan til humor og livsglede skal du leite lenge etter, den eine hadde lagt igjen høreapparatet så det vart litt moro ut av heile greia. «Du, du har du brun lapskaus» - ja. «Då skal vi ha det»  

Det aller morsomste var då dei satt og åt og ei anna dame snakka med dei, det var tre ulike samtalar, eg lo godt der eg stod på loftet for å speide etter ein anna eldre herre som var på veg opp til hytta, det var ein mann dei to karane hadde gått forbi. «Han var heilt ferdig han, vi ba han drikke mykje og ete godt før han skulle gå vidare» Dei tvila på om han kom, men han kom. Eg hadde tenkt å gå han i møte om han ikkje var komen til klokka 2200, men 2145 stod han utafor, det gjekk eit lettelses sukk gjennom heile hytta då han kom inn døra, for alle var sjølvsagt oppdatert i høve situasjonen. Det var Lars som kom, han får du høyre meir om. Hytta var full og dei to karane la seg på hemsen isteden for i Sikringsbuda. Spreke kara :-) Det var så god stemning i hytta, alle hadde det veldig kjekt og praten gjekk lett og ledig blant gjestane. Eg tenkte; så kjekk «jobb» eg har.  

Han Lars skal vi bli betre kjend med, eg spurte og han sa det var greitt eg både skreiv og la inn bilete. Lars kom som skrive seint opp på tysdag, han bestemte seg for å bli to dagar, fordi han ikkje kjende seg heilt bra. Då alle gjester var gått, og det berre var Lars og eg att, så tok eg meg ein tur opp på Fetegga, hadde innmari lyst til gå på Storefjellet 1821, men tenkte på gjester som kunne kome, så det vart berre med Fetegga. På Fetegga, er det funnet boplass som stammer frå steinalderen - heilt fantastisk, dei ber oss om at det vi finn vert liggjande, og viste bilete av restar av gamle fangstreiskap - for meg skal alt få ligge, eg hadde nok ikkje sett at det var restar etter ei pil… Det ligg eit avisutklipp av denne avisartikkelen i hytta. Interessant å lese og tenk så spanande. 

Etter ein rask tur på Fetegga, bar det ned igjen til Danskehytta og til Lars, for å sjå kor det gjekk med han. Han såg litt betre ut, men ikkje heilt restituert. Han skulle kvile litt meir og gå til Reindalsseter i morgon, altså på onsdag og slik vart det, men med ein liten vri, som eg kjem tilbake til…Eg la meg på benken for å lese litt, eg rakk berre å lese nokon sider, då kom dei første gjestane og så gjekk det slag i slag. Hytta vart full, sikrignsbua vart tatt i bruk og nokon låg på hemsen. Fantastiske fjellfolk. Denne kvelden ga eg frå meg rommet mitt, slik alle fekk ei seng å sove i. To veldig kjekke damer frå Sykkylven som skulle ligge to døgn.  

Dagen gjekk mot slutten og ein fantastisk solnedgang melde sin ankomst, denne måtte forevigast, tenk om det ikkje vart slik i morgon. 

Dagen etter sende eg desse to damene på Fetegga, på ein fantastisk flott tur i utruleg flott vêr, det vart nesten for varmt, men heldigvis så bles det på toppane. Lars som vi kjenner litt no, var klar til å gå til Reindalsseter, han hadde ein voldsom tung sekk, 16 kilo, han var litt bekymra for det, men han gjekk med freidig mot til Reindalsseter, eller gjorde han det? Eg hadde sagt til gjestene at dei måtte skylle kopper og kar og sette dei på benken så skulle eg vaske dei, slik det ikkje vart kollisjon og forsinkelser…kanskje eg angra litt då alle gjestane hadde reist?  - Nei, eigentleg ikkje :-)  

Det strøymde jamt og trutt på med folk heile dagen, denne doen eg skulle få orden på vart ståande slik eg forlot den, halvvegs skrapt maling av golvet, men slik måtte det berre bli. Denne dagen kom ei gruppe frå DNT Oslo som var på gjennomreise. Eg hadde ikkje fått beskjed om det, men Lars, som vi no kjenner, sa at i turprogrammet så stod det at dei skulle kome innom Danskehytta, men han var ikkje sikker. Eg hadde den gruppa lagra på harddisken i tilfelle dei dukka opp, og det gjorde dei, eg hadde tenkt sikringsbua til dei, men dei ville ligge inn på eit rom som var ledig i hovudhytta og resten av gruppa oppe på hemsen. For ein dag, og for nokre fine fjellfolk, eg hadde stua inn i alle krinkler og krokar denne kvelden. Heilt fantastisk. Og kven skulle tru at Lars dukka opp igjen, det gjorde han og tok tilbake sitt «gamle rom», då var alle på plass. Dagen hadde ikkje vore så bra og han var ikkje heilt form, så det var nok lurast at han kom tilbake til rommet sitt og trygge omgivelser, som han sa sjølv.  

Neste dag, no er vi komne til tidleg fredag, var folk tidleg oppe og klar til avreise kring klokka 1000. I gruppa vart det vaska og ordna, ivrige damer såg til snitt til litt rampestreker, ute på benken låg ein i gruppa og las, han vart ufrivillig våt etter at damene som vaska rommet kasta vatnet ut vindauge…det ga meg dagens første latterkule….heldigvis var han vanntett! Når sant skal seiast så visste dei ikkje at det stod ein benk under vindauget - ei god historie såg dagens ljos. 

Ein kveld med mykje latter og glede var over og denne nye dagen skulle gje nye overraskingar og gode samtalar. Eg sende gruppa over fjellet i håp om at dei nådde bussen som gjekk 1615, eg trur det gjekk veldig bra.  

Det vart litt roligare då alle hadde reist, og eg fekk skrape litt meir på dette dogolvet, mellom soling, lesing og koking av handkle. Eg hadde berre på meg ei lett skjorte over bikinien, då eg kom ut av doen for ei lita pause i skrapinga, stod der ein mann…litt flaut, men eg måtte berre late som det var heilt naturleg å gå sånn…phu! Dei var på rundtur og skulle tilbake ned over fjellet. Dei var nysgjerrig på hytta, historia og fjella, heldigvis så hadde eg lest meg opp på historia og kunne stolt syne fram akvarellen som Dronning Magrete av Danmark har malt.  

Litt ut på dagen seig det på med gjester og den aller gjeveste gjesten var Anny Kaldhol, tenk å få besøk av sjølveste Dronninga av Danskehytta, ei av dei to ekte dronningene av hytta, ei dame som har sitte i hyttekomiteen i mange år. Ho kom saman med to døtre og ein svigerson, for ein gjeng, så utruleg triveleg. Dei skulle vere til søndag så eg hadde mykje tid å spørre og grave om korleis det var den gongen - heilt i den spede begynnelsen av hyttedraumen - Danskehytta. Ein ny dag gjekk mot kveld, eg hadde berre ti gjester «til bords» så eg gjekk ein tur opp på kanten, kor stien til Kaldhussæter går og tok nokon fantastiske bilete av solnedgangen i dag også, kanskje det ikkje vart så fint morgon. 

Medan dei andre gjestane drog så vart Lars og Dronninga av Danskehytta samt familie igjen. Dei skulle på ein liten fjelltur, dei gjekk på Helleggi og bort på Fetegga. Lars gjekk seg også ein tur i det fine vêret, slik eg fekk gjere litt forefallende arbeid, samt dette golvet på doen.  

Laurdag hadde eg berre 7 gjester, det var nesten litt stusselig, det fine med at det vart lite folk var at eg fekk skrape ferdig golvet på do - Hurra! - stamgjesten Lars er her fortsatt. Han var litt bekymra for den tunge sekken. Vi satt og prata litt om denne sekken og kor tung den var og kva han hadd oppi, då sa han; «Eg skulle ikkje tatt med meg dette stykjernet»  Ein ting er sikkert han har både humor og sjølvironi. Det kom to gjestar veldig seint, dei hadde gått frå Kaldhussæter, med ekstremt tunge sekker, og brukt laaang tid på vegen opp. Då dei kom fram laga dei seg eit skikkeleg måltid og kosa seg, medan eg tok med meg to «gjester» veldig hyggelige gjestar,  som låg i telt litt lengre ned ved vatnet, opp på Helleggi 1668 moh for å sjå på solnedgangen. Dei vart ikkje med heilt opp, og snudde, før vi kom opp. Eg gjekk sjølvsagt til topps!  

Då eg kom ned var middagen fortært, kopper og kar vasket og dei andre gjestane hadde godt til sengs medan kjæresteparet, som nett har blitt sambuarar, hadde tent lys, høyrde på musikk og kosa seg, då eg kom ned frå fjellet, kring 0020.  Dei var seinast i seng og tidlegast oppe dagen etter, laga seg ein god frukost før avreise og mange kilometer framfor seg. Eg fekk ta eit bilete av dei før dei gjekk vidare frå Danskehytta til Veltdalshytta via Brusebotnvatnet, ein god 22 km, med tunge sekker. Utruleg hyggelege fjellfolk. Gode samtalar og refleksjoner kring ulike tema. Veldig kjekt.  

15 gjestar i dag, med dei nye hyttevaktene. Ei rolig natt og mi siste natt som hyttevakt for denne gong. Anki, Vigdis og Klaus kom opp i dag, meininga var at vi skulle gå saman i fjellet, men det var dårleg meldingar både på storm og yr med fare for torden, då eg ikkje hadde vidare lyst til å runde nibba i tordenvêr aleine dagen etter, så det vart ikkje tur på meg. Før ettermiddag og kveld vart til ny dag, rakk vi både mat, koŕtspel og ein tur på Helleggi 1668 før vi la oss for å sove. Det vert sagt at ved midnatt så vaknar dei underjordiske til liv, kanskje det er då frosken vert ein prins? Huldrer som dansar, eller nei .- dei dansar i skogen og på høyfjellet er det ikkje skog… 

Ei oppsummering 

Då var mine dagar ferdig og eg var klar for heimreise, eg hadde bestemt meg for å gå over fjellet. Sekken var 18 kilo, kunne det vere rett? Eg må berre innrømme at eg liker den andre ruta betre, men no har eg gått den og veit korleis den er. Det er ikkje mange stier eg ikkje har gått, dette er ei styrke når ein skal guide turistar vidare på deira vandring. Eg er nok best kjend i området kring Pyttbua, Veltdalen, men eg utvidar stadig mitt repertoar med både fjellflora, stein og historie. Kan det bli betre? Ei veke med varierande dugnadsarbeid er unnagjort, mykje latter, positiv energi og fjellglede saman med fine fjellfolk er forbi, då er det berre å glede seg til neste år. Her er mitt billedgalleri.  Tusen takk til alle gjester som var innom Danskehytta i Tafjordfjella frå 20 juni til 30 juni 2019, for fantastisk gode minner for resten av livet, det kan ko hende våre veger kryssast ved seinare høve.  

Du lurer nok på korleis det gjekk med Lars? Eg hadde Lars som gjest heilt fram til søndag, då slo han følge med ein av dei ansatte i ÅST ned til Hamseviki. Han var mykje piggere og var i god form, men fortsatt forundra over at sekken var så tung. Eit kjekt bekjedskap som varte gjennom veka. Det skal seiast at han har vore på over 80 DNT hytter, det er sannelig ikke verst, men dette var nok ein av dei siste lange turane. Det er på sin plass at han avslutter reisebrevet frå ei hyttevakt. 

Med helsing,

Rigmor Nekstad 

Skrevet av Tone Drabløs 2. august 2019