Unge hyttesamlere

Foto: Jørn Håskjold

Spreke Volda-ungdommer fekk raudnøkkelen!

Endeleg har me nådd målet om den raude nøkkelen til ÅST. Det heile starta i 2016 med ein mor og barn tur i Tafjordfjella. Då gjekk me til Reindalsetra og Veltdalen. Der var me så heldige å møte Sindre Nakken som tok oss med til Fieldfarehytta. Han fortalde levande historier om Joakim Rønneberg og kompani Linge som barna fylgde godt med på. Dette er minner som dei har med seg livet ut.


Patchellhytta og Slogen vart besøkt av heile familien to veker etter at me kom heim frå den første turen i Tafjordfjella. På vegen opp gjekk me oss opp i tjukk skodde. Me visste at me var ganske nær hytta, men lurte på kor langt det kunne vere att. Plutseleg vart det ei lysing i skodda, og der var hytta 50 meter frå oss. Etter ein kosekveld på hytta, besøkte me Slogen neste dag i strålande solskin.


Våren 2017 hadde me ein flott vårskitur til Danskehytta frå Grotli. For oss sunnmøringar var det litt uvant å gå så langt på bortoverski. Her var det ikkje fritt for at me fekk kjenne på gnagsåra, men dette vart fort gløymt når me kom på hytta og fekk nyte sola ei stund før me leita fram det faste turfølget: kortstokken.


På ein av våre mange turar, så vart ideen om den raude nøkkelen sådd. Me er ein turgjeng som trivast godt ilag, så det var lett å ta avgjerda om fellesprosjektet: Raud nøkkel.

Etter at me starta å tenkje på den raude nøkkelen, så måtte me telje opp kva for hytter me hadde besøkt. Runde fyr har me vore på fleire gongar kvar for oss. Runde og Vellesetra er dei einaste hyttene me ikkje har besøkt ilag. Me fann ut at me mangla seks hytter, og fem av dei kunne me ta på ein langtur i Tafjordfjella.


Før turen til Tafjordfjella besøkte ungdomane Tyssenaustet. Gjengen visste at det var meldt mykje regn den aktuelle helga, men var likevel fast bestemt på å besøke Tyssenaustet. Det var strålande sol på vegen opp. I løpet av natta snudde veret, så det vart skodde og pøsande regn på returen. Foreldra heime sat og venta på livsteikn frå dei som var utanfor mobildekning, så kom meldinga: “På veg heim å alle e klissvåte å blide :-) :-)”


Veke 29 peika seg tidleg ut for å vere ei veke der det passa med ein fellestur i Tafjordfjella. Me booka oss inn på Fieldfare for å sikre oss overnatting der. Deretter la me inn bestilling på fint ver, og jammen slo dette til! Me har hatt seks flotte dagar i fjellheimen. Ruta gjekk frå Zakariasdammen - Jakobselet - Fieldfare - Pyttbua - Vakkerstøylen - Tjønnebu til Grønningsæter. På Fieldfare var me seks stykker som sov inne, medan to vaksne sov ute (her er også nokre foreldre som jaktar på raud nøkkel). Det har vore spanande å gå i eit område med så mykje historie, med blant anna Rønnebergråsa, Radiovatnet, “De fredløses vei” og delar av “Pilgrimsleden” (frå Vakkerstøylen til Grønningsæter).


Noko av det kjekkaste med dette prosjektet er at me har gjennomført det ilag som gode venar. Me likar godt å vere på tur ilag både sommar og vinter. Så det er gode sjansar for nye turar og prosjekt framover.


Tusen takk til ÅST for trivelege og velstelte hytter. Me har møtt hyggelege hyttevakter og komitemedlemar undervegs. Takk for at de står på for at hyttene ligg der tilgjengelege for oss til ei kvar tid.

Tekst og foto: Liv Ingunn Sætre, Siv Heidi Osvoll


Namn på gjengen: Astrid Sætre Lid, Anita Osvoll Aasen, Martinus Sætre Lid, Anders Osvoll Aasen, Agnes Osvoll Aasen.

Skrevet av Tone Drabløs 22. juli 2019