Barnas Turlag på telttur

Foto: Cecil Elisabeth Nerbø

Barnas Turlag slo til med to turar denne helga! Medan de mindre barna koste seg på Ljøkaia, var dei litt eldre på telttur til Grytavatnet.

I helga var nokre av dei større ungane i Barnas Turlag på telttur til Grytavatnet.
12 små og store troppa opp på parkeringa ved Grytalisetra, med store, velpakka sekkar. I år som i fjor var det strålande sol og nydelig turvær.
Turen inn til vatnet blei kjempefin, med fleire stopp undervegs langs elva. Med denne varmen var det jammen godt å kunne fylle på drikkeflaska undervegs.

Vel framme blei det satt opp camp, med fellesområde til avslapping og matlaging i midten. Telta hadde ikkje før kommet opp før alle ungane hadde hoppa i badetøyet. Til tross for ganske kaldt fjellvatn blei det mange runder med bading i løpet av dagen. Resten av dagen blei tilbragt i og rundt campen, med leik, avslapping og felles matlaging. Kjempekjekt!

Søndag starta med morgenbad i vatnet, naturlegvis! I campen blei det trylla fram deilig frokost, med pannekaker i lange baner. Regndråpar lurte litt i lufta heile morgonen, men holdt seg unna heilt til alle var ferdig pakka og klare for retur. Ein sprek gjeng på heimtur også, sjølv om halvparten nok helst kunne tenke seg å beholde badetøyet på ei stund til.

Helsing turleiar Cecil Elisabeth Nerbø

Skrevet av Tone Drabløs 19. juni 2019