Klar, ferdig gå - Mausavatnet

Klar, ferdig, gå! er et tursamarbeid for seniorer mellom VH Aktivisering og velferd og Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Årets siste tur gikk rundt Mausavatnet.


KLAR, FERDIG, GÅ!

Referat frå tur rundt Mausavatnet i Sula kommune

Fredag 19.10.2018


Ein liten men eksklusiv gjeng på 10 personar tok turen rundt Mausavatnet 19.oktober.


Med oss som guide var Hallvard Lied som møtte oss ved startpunktet i sørenden av vatnet.

Han fortalte at området gradvis har vorte meir og meir attvakse som følgje av at det ikkje lenger blir brukt som beiteområde. Men han fortalte også om arbeidet som er nedlagt for å få ordna dei flotte turvegane rundt vatnet og at dette no har vorte eit veldig mykje brukt tur- og rekreasjonsområde.
Tusen takk til alle dei som har bidratt med denne jobben!

Undervegs kom vi også over eit lite bibliotek, men dette hadde no fått vinterferie og var godt nedpakka.

Sidan turen rundt vatnet er litt i kortaste laget for denne spreke gjengen tok vi i tillegg turen rundt Storhaugen. Vi tok vegen oppovemot Rollonhytta, men ved elva Tverråna vende vi nasene  mot sørvest og kom ned til vatnet igjen like ved startpunktet.

Både veret og turen var strålande og alle var vi einige om at vi var klare for nye turar igjen til våren.


TAKK FOR TUREN OG TAKK FOR I ÅR!



Klar, ferdig, gå! er et tursamarbeid mellom VH Aktivisering og velferd og Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Sponset av stiftelsen Kjell Holm. Lokal kunnskapsrik guide er med på turene.

For mer informasjon om hva som skjer på seniorsentrene.





Skrevet av Tone Drabløs 7. november 2018