Joachim Rønneberg 1919-2018

Joachim Rønneberg sammen med Ragnhild Helberg og Øystein Dale ved overrekkelsen av Claus Hellbergs minnepris for 2011, for restaurering og bevaring av Fieldfarehytta.
Joachim Rønneberg sammen med Ragnhild Helberg og Øystein Dale ved overrekkelsen av Claus Hellbergs minnepris for 2011, for restaurering og bevaring av Fieldfarehytta. Foto: ÅST

Natt til søndag 21. oktober gikk Joachim Rønneberg bort, 99 år gammel.

Vi i Ålesund Sunnmøre Turistforening har mista vår bauta og vegvisar. Joachim Rønneberg vart i fjor vår æresmedlem etter å ha vore medlem i 80 år. Som ung jente møtte eg han på Veltdalshytta. Det gjekk eit sukk gjennom peisestova då Joachim steig inn i rommet med kaffikoppen sin. I sommar tok vi med oss døtrene våre for å fortelle om motstandsmannen og krigshelten som overvintra i Tafjordfjella i skjul for okkupasjonsmakta.

Rønneberg ville aldri framheve seg sjølv. Han var opptatt av landet, plikt, foreninga, fellesskapen. Han spurde kva han kunne gjere for andre.

Han var den første redaktøren i Fjellposten, ÅST si medlemsavis og den første tilsette i ÅST. Han restaurerte Fieldfare-hytta sjølv og gav den til oss i ÅST. I dag er vi i styret og administrasjonen og medlemmane i sorg, og vi kjenner på djup takksemd.

Mang ein vandrar har gått i Joachim sine fotspor i våre fjell.

Sjølv vert han ståandes att som vår aller viktigste varde.


Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Styremedlem i Ålesund-Sunnmøre Turistforening

Skrevet av Tone Drabløs 26. oktober 2018