Full fart med DNT ung!

Foto: Valldal Naturopplevingar

For to år sidan starta DNT ung Sunnmøre opp igjen med tur til Valldal, med både juving og overnatting på Muri Camping. I år tok vi opp igjen suksessen og testa nye utfordringar, både i klatreparken og på raftinga.

Laurdag 16.juni tok 11 spente ungdommar turen til Valldal. Det første som stod på lista var å sette opp lavvoen, etterfølgt av grillmat på badestranda. Sidan turleiar Jørgen jobbar i klatreparken, tok vi også turen opp dit om kvelden. Der fekk vi utfordre oss gjennom ulike hinder og ta fleire zip-lines, blant anna over elva som vi dagen etter skulle rafte i. Resten av kvelden gjekk sjølvsagt med på å spele kort.


Det vi kanskje gleda oss mest til, var raftinga på søndagen. Kl.11 stod vi klar med våtdrakt, redningsvest, hjelm og åre. Før vi skulle rafte gjennom den 11 km lange elva, lærte vi oss ulike måtar å padle på og korleis vi skal redde kvarandre. No var vi klar. I løpet av turen fekk vi teste korleis det var å flyte med straumen, både med og utan båt. I tillegg fekk vi servert gode sveler med Valldal-jordbær og varm drikke.


Vi ser fram til fleire kjekke turar saman med DNT ung i framtida.


Emma Holmberg

Skrevet av Tone Drabløs 28. juni 2018