Dugnad på Tyssenaustet

Foto: Solrun Osdal

Tyssenaustet er gjort klar for en ny sesong!

Vi har hatt stordugnad i Tyssenaustet denne helga og alle 5 komitemedlemane deltok.

I tillegg til vanleg vårreingjering med vask, lufting av madrasser og skifting på alle sengane og vasking av tepper i snøen, så har vi fått bygd fleire fine benkar rundt hytta, bygd ny tram framføre toalettet og vi har lagt meir heller ikring hytta. Den vanlege dotømminga er også unnagjort, samt rydding av rusk og rask. Alle gjekk ned frå Tyssedalen med fulle ryggsekkar med skittentøy til vask og tomgods.

Eg er strålande nøgd med insatsen!

Vi har montert DNT- lås på hytta, men inntil vidare står den ulåst.

Diverre så har 2 av dei små telta blitt brukte på eit tidspunkt.... dei låg utover inne i naustet.... og mus hadde vore tilstades og ete hol i teltduken på fleire stadar.... på det eine teltet i taket over innerteltet det ein skal sove, så dette er er diverre eigentleg øydelagt.
Dei som bruker telta må henge dei opp til tørk, om mogeleg også pakke dei saman og legge dei på plass.

Vi kjem ellers til å bestille nye vindauge, som vi må få montert på eit seinare tidspunkt.


Helsing Solrun Osdal i Tyssenaust-komiteen

Skrevet av Tone Drabløs 29. mai 2018