Rydding på Runde

Foto: Charlotte Hauge

På Runde har det vært storopprydding både inne og ute, og boss er blitt frakta ut med helikopter.

Flyginga på torsdag gjekk heilt knirkefritt i fineveret.  Oddmar, Hans J. og Oddleif med ein stor og sterk nevø som var på besøk, stilte opp på hamna der det som skulle utover var samla i "Gulebuda"  I tillegg kom  Charlotte frå miljøsenteret og SSR som henta det som var plukka i fjøra, den utrangerte komfyren, pluss ein øydelagd Stressless.

Toralf, Norvald og eg vart først frakta ut.  Så gjekk det slag i slag - heilt prikkfritt i fineveret.

På Kvalnessida fekk vi i hus alt. Ein tilfeldig turist hjelpte til med å få den nye komfyren på plass.  Toralf gjekk heim att om kvelden.  Eg og Norvald låg over.  Vi sette på plass og rydda før vi gjekk heim att på fredag ettermiddag. Der er mykje som skal brennast, men der var litt vind, som bles i feil retning.  Med så mykje tørt gras som der er no, tok ikkje Norvald sjangsen.

No er det berre den fulle containaren som står på snuplassen i enden på vegen i Goksøyra.  Den vert henta av Franzefoss.  Dei kjem tilbake med den etter at den er tømd, og så er den i sjøhuset til Hans J. - til neste gong.

Takk for innsatsen!!


​​​​​​​Helsing Oddbjørg Remøy

Skrevet av Tone Drabløs 23. april 2018