Mange kom seg ut på Kom Deg Ut-dagen!

Foto: Eirik Johan Kårby

Det var mange som nytta fineveret på søndag til å komme seg ut, og delta på eit av Kom Deg Ut-arrangementa til Ålesund-Sunnmøre Turistforening.

På seinsommerens fineste dag hadde ÅST arrangement på Tueneset i Ålesund og ved Skodjebruene på Skodje i samarbeid med Korps i friluft. På Tueneset yra det med folk, og mange hadde lyst til å prøve seg i kajakk og kano. Turtippen var hengt opp til glede for små og store, og var så populær at vi gjekk tom for svarlappar.. Neste år må vi ta med fleire blokker!

Ved Skodjebruene hadde Skodje Skulekorps konsertar, og bålpanna var sett opp og kaffikjelen putra over flammane. Så å seie alle ungane som var på arrangementet tok turtippen, og mange av dei voksne også.

Kiwi var med oss og delte ut frukt, et svært så populært tiltak.

På Søre Sunnmøre flytta vi Kom Deg Ut-dagen til lørdag 2. september, og samkjørte med Kystverket si feiring av 250 årsdagen til Runde Fyr. Det var reine folkevandringa ut til fyret, der det var underhaldning og servering.

Skrevet av Tone Drabløs 5. september 2017