Førjulsmoro i Øvstegardsråsa

Fellestur

Dato
16. desember kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening
Dette arrangementet er over!

Trim og julemoro for barn og vaksne.

 

Hjørungavåg IL, trimgruppa, vil også i år arrangere trimtur og julemoro i  Øvstegardsråsa ved Øvre Liaset. I år, som i fjor, foregår det i skogsopninga mellom Øvrelid og Liaset kl 12,00.

For å kome til denne plassen har ein alternative vegar, alt etter kor langt ein ynskjer å gå, og kor sprek ein kjenner seg. Lettast og kortast veg er å gå oppkjørselen til Sten Øvrelid. Denne turen tar 30-40 min. Her kan også barna prøve seg på ulike oppgåver, ein såkalla natursti. For dei som ynskjer god parkering, kan skuleplassen vere eit godt alternativ. Ein går da vegen opp til Knut Nedrelid og vidare rett opp i Øvstegardsråsa. For ein lengre tur kan alternativa vere frå Ulset eller Pilskog. Alle løypene er skilta og har merkeband med raude og kvite striper.

Ved framkomst er det høve å grille. Dessutan har julenissen planar om å dukke opp i år også. Elles vert det leik og moro for barn og voksne.

Alle er hjarteleg velkomne til ei triveleg førjulstund i marka.

 

Turleiarar: Ottar Pilskog 992 64 492, Kristin Overå 414 70 789