Topptur til Rømerhornet

Fellestur

Dato
12. desember kl. 17:45
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Opplev ein kortreist fjelltopp med havutsikt og utsikt over Sunnmørsalpane i fullmåne og nattestemning. 

Då må du melde deg på haudelykttur til Rømerhornet i Sykkylven.

Dette er ein relativt trygg skitur å gå med hovudlykt i mørket. Her er svært lite skredterreng og lite eksponert terreng.

Vi vil ikkje fråråde nokon å ta med fotoutstyr fordi ein kan få nokre magiske augeblikk ifrå denne skituren.

 

Turruta

Turen startar ifrå parkeringa ved Grebstadstølen(Vipps kr. 50). Vi passerer Nedsetra og går oppover i fin bjørkeskog. Her er masse fin skiterreng langs elvedalane. Når vi har kome nesten på toppen av elvedalen, dreiar vi nordover på tvers av Melsetdalen. Vi har kome over skoggrensa og vi ser ei lang, brei og slak fjellside på veg opp til Rømerhornet. Terrenghellinga er slak og ligg stort sett på 20 grader. 

Turen opp er 4 km. og ca. 600 høydemeter. Vi regner med å bruke 2,5-3 timer på hele turen.

Det kan vere svært kaldt og vindfullt på denne toppen slik at det er viktig med varme klede og gode hovudlykter. Vi går attende same vegen til skia og renn ned der vi gjekk opp. 

 

Risiko

Denne lykteturen er heilt avhengig av at veret, snøen og at føret er forsvarleg å leggje ut på tur i. Det er viktig at snøen er god å kjøre i. Kvar turdeltakar må ha varme og vindtette klede. Ellers er det alltid ein risiko for å renne på steinar, tre, søkk, elver og andre terrenghindringar når ein renn på ski i mørket med hovudlykt. 

 

Utstyr 

Toppturski med feller, skredsøkar, søkestong, spade, hovudlykt, ekstra batteri, ekstra lykt, refleks. Sjå elles pakkeliste for topptur

 

Dugleikar

På turar i mørket bør du ikkje vere nybegynnar på topptur! Du bør takle å ta av og på fellene i kald og sterk vind og i mørket med hovudlykt. Du bør ha erfaring og grunnleggjande dugleik i skikøyring i skogterreng.

 

Etter turen kan vi ta kveldsmaten på pizzabakeren i Sykkylven hvis det er stemning for det.

 

Topptur til Rømerhornet

Opplev ein kortreist fjelltopp med havutsikt og utsikt over Sunnmørsalpane i fullmåne og nattestemning.  Då må du melde deg på haudelykttur til Rømerhornet i Sykkylven. Dette er ein relativt trygg ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Øystein Drabløs Langlo
  • Marcin Krzeptowski