Hyttetur til Velleseter

Fellestur

Fra dato
25. januar 2020 kl. 17:20
Til dato
26. januar 2020 kl. 16:20
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hyttetur
Arrangører
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, DNT ung Sunnmøre
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

 

Ynskjer du å bli med på ein sosial tur med DNT ung? Då passar denne turen!

Vi startar å gå frå busstoppet Hjorthol i Velledalen i Sykkylven laurdag 7. desember kl 17:20. Denne bussen går frå Ålesund sentrum kl. 15:00, og frå Moa kl 15:30.  Turen opp til Velleseter tek omtrent 1,5 t. Dette er ein lett tur som passar for alle, og det sosiale er i fokus. På Velleseter blir det bålkos, kortspel og diverse andre aktivitetar på laurdag kveld og søndag formiddag. Berre å komme med forslag dersom det er noko du ynskjer å gjere. Det vert felles middag på laurdagen. Ta difor med eigen mat til frukost, lunsj og kvelds. Vi er tilbake på Hjorthol før kl 16:20 på søndagen, tidsnok til bussen som kjem til Moa kl. 18:20 og Ålesund sentrum kl. 18:41.  

Gje beskjed på førehand om eventuelle allergiar. 

Aldersgruppe: ca 15-19 år

 

Utstyr:

-innesko

-ullskokker

-votter/hansker

-lue

-termos til varm drikke

-drikkeflaske

-hodelykt

-tannbørste/tannkrem

-natttøy

-lakenpose

-sitteunderlag

-kle deg etter vêret

- NB! Alle treng plass i sekken til å bere litt felles utstyr eller mat.

Prisen dekker overnatting og felles middag.

Velkommen!

 

Hyttetur til Velleseter

  Ynskjer du å bli med på ein sosial tur med DNT ung? Då passar denne turen! Vi startar å gå frå busstoppet Hjorthol i Velledalen i Sykkylven laurdag 7. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Maria Sætre
  • Maria Hatlevik Borg