Ansokhornet og Jolgrøhornet

Fellestur

Dato
15. mars kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Stranda Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Turen startar frå Ringset. Parkeringsplass ved fabrikken like før/etter tunnelen ovanfor fergekaia i Liabygda. Moderat stigning i retning Ansoksætra og vidare mot Ansokhornet med ei framifrå god utsikt innover Sunnylvsfjorden. Turen går vidare mot Jolgrøeggene 985 m.o.h. og vidare mot Vardbakkane 1099 m.o.h. Vi legg opp til passande pausar undervegs. Herifrå gjenstår omlag 150 høgdemeter før ein når «høgdepunket» på turen - Jolgrøhornet 1253 m.o.h. Frå toppen av Jolgrøhornet  er det ei fantastisk utsikt mot Stordalsfjella, Stranda og omegn. Returen går via Vardebakkane og Ringsetsætra, Øygardsnakken og tilbake til bilane på Ringset.

 

Ein lang og moderat/krevjande tur, i eit spennande og variert terreng. Turtid totalt 4-6 timar.

Turleiarar: Egil Stavseng, tlf. 90738320 og Kåre Bø, tlf. 95498465

Oppmøte: Stranda fergekai. Kl. 09:00

Ansokhornet og Jolgrøhornet

Turen startar frå Ringset. Parkeringsplass ved fabrikken like før/etter tunnelen ovanfor fergekaia i Liabygda. Moderat stigning i retning Ansoksætra og vidare mot Ansokhornet med ei framifrå god utsikt innover Sunnylvsfjorden. ...