Ytterlinakken i Fjørå

Fellestur

Dato
11. juni kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Seniorgruppa ÅST
Turområde
Tafjordfjella (se kart)

Oppmøte: Hauge i Fjørå kl. 10.30

Frå Valldal sentrum køyrer du gjennom Fjøråtunnellen mot Tafjord. Ved kaia i Fjørå følgjer du skilt oppover mot Selboskar. Etter ca. 1,5 km kjem du til eit vegskilje der du køyrer mot høgre. På Hauge 400 moh,  er det god parkeringsplass på nedsida av vegen.

 

Frå Hauge går vi oppover til Rugga. Derifrå går vi utover langs åsryggen til hytta på Kvitsva ved Ytterlinakken, 606 moh. Turen går i kupert skogsterreng med god sti. Til vanleg er det meste av stien tørr, men det kan vere fuktig somme stader om det har regna nyleg. Frå Ytterlinakken går vi tilbake til Hauge. Total stigning ca. 270 m. Tur-retur er ca. 6 km. Turen er relativt lett, men vil ta om lag 3 timar. Turen er merka vanskegrad blå.

For dei som ønskjer det, går det an å stoppe på heimvegen på Muritunet der det blir servert potetballmiddag kvar torsdag.

 

Turleiarar: Kjell Martin Rønning tlf. 48071775 og Sigmund Alnes tlf. 92264631.

Ytterlinakken i Fjørå

Oppmøte: Hauge i Fjørå kl. 10.30 Frå Valldal sentrum køyrer du gjennom Fjøråtunnellen mot Tafjord. Ved kaia i Fjørå følgjer du skilt oppover mot Selboskar. Etter ca. 1,5 km kjem ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjell Martin Rønning
  • Sigmund Johan Alnes