Seniortur til Svartevatnet på Dyrkorn

Fellestur

Dato
18. juli kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Dntgsenior
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte på kaia på Dyrkorn 18. juli kl. 10.30

 

Her fyller vi opp bilane og køyrer til Gjerdsstølen. Bompengar kr. 30.

 

Frå kaia køyrer vi oppover i bygda ca. 1,5 km. Der tar vi til venstre og køyrer ca. 1,5 km til krysset mot Ødegård. Ta til høgre der, og etter 150 m kjem du til bomvegen. Den følgjer du heilt til Gjerdsstølen, og etter ca 1,5 km er du framme. Gjerdsstølen er eit stølsområde med gammal bebyggelse og ei lita elv som renn gjennom stølen.

 

Turen frå Gjerdsstølen til Svartevatnet går i slakt terreng og er middels tung for seniorar. Total stigning er 210 høgdemeter. Turlengde er ca. 4 km tur-retur.

Nokre parti av turen går over myr.

 

Velkomen til Seniortur!

 

Turleiarar er Edel Baardseth 926 54 826 og Kjell Martin Rønning 480 71 775

Seniortur til Svartevatnet på Dyrkorn

Oppmøte på kaia på Dyrkorn 18. juli kl. 10.30   Her fyller vi opp bilane og køyrer til Gjerdsstølen. Bompengar kr. 30.   Frå kaia køyrer vi oppover i bygda ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Edel Baardseth
  • Kjell Martin Rønning