Topptur til Keipen og Staven

Fellestur

Dato
15. september kl. 08:30 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Arrangører
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Patchell Fjellsport ÅST
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Da er høsten i gang og vi tar turen til Keipen (1220 moh) og Staven (1517 moh) frå Skylstad på Øye.  Stien er nymerka opp til Ulvedalen og startar like før gardane på Skylstad. Først på merka sti opp gjennom skogen i relativt flatt terreng. Seinare i brattare terreng opp til Ulvedalen. Råsa opp til Ulvedalen blir kalla Okseråsa og siste del av den går på ei hylle der det er relativt luftig. Allereie her er det veldig fin utsikt utover Norangsfjorden.


Frå Ulvedalen går vi på nordsida av elva som kjem ned frå eit lite vatn like sør for Keipen.
Frå toppen er det fin utsikt ned til skaret der det i 1908 gjekk eit stort steinras som danna Lygnstøylvatnet. På Keipen er det både ein stor sprekk og eit overheng, det vil sannsynlegvis kome fleire skred herifrå i framtida. Utsikta mot Norangsfjorden langt der nede og fjella rundt omkring er storslått. 
Frå Keipen går turen vidare til Staven. Vi følgjer då fjellryggen søraustover ein times tid. Flott utsikt heile vegen og vel verd turen.
Retur via Ulvedalen og ned til Skylstad.

Turleiarar: Robert Kvalsvik, Tlf. 913 09 184.

For dem som kommer fra Volda/Ørsta tar vi ferje fra Sæbø kl. 08.00

Topptur til Keipen og Staven

Da er høsten i gang og vi tar turen til Keipen (1220 moh) og Staven (1517 moh) frå Skylstad på Øye.  Stien er nymerka opp til Ulvedalen og startar like ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Rigmor Nekstad
  • Robert Kvalsvik