Støttemarsj for naturen. Hasundhornet i Ulstein

Arrangement

Dato
12. mai kl. 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Arrangement, Medlemsmøte, Naturen, For, Støttemarsj
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

12. mai arrangerast det støttemarsjar for naturen i heile Noreg. På Sunnmøre er mykje av kystlandskapet frå Hareidlandet til Vanylven lagt ut som eigna for utbygging i "Nasjonal ramme for vindkraft", publisert av NVE i april.

Vi arrangerer støttemarsj for naturen til Hasundhornet i Ulsteinvik. Undervegs vil Alv Ottar Folkestad informere om naturen og fuglelivet på Hareidlandet, og andre berørte område i regionen. Ålesund-Sunnmøre Turistforening vil informere om områdeplanen for Sunnmøre, og betydninga for friluftsliv her. Ulstein og Hareid Jeger- og Fiskarforening vi også vere med.

Vi går til Hasundhornet via Høgebrua. Turen er på ca 3 km og går slakt oppover på god sti. Vi bruker ca 1-1,5 time oppover med informasjon undervegs.

 

Avmarsj frå parkeringsplassen på Fjellsbrekkene kl 14. Vi oppmodar flest mogleg om å parkere nede ved fylkesvegen på Hareidseidet, då det er lite plassar på toppen av vegen.

 

Ta med niste og godt med klede, og legg søndagsturen på Hareidlandet saman med oss denne dagen.

 

 Arrangørar: Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Barnas Turlag Hareid, Ulstein og Hareid JFF og Naturvernforbundet.

Støttemarsj for naturen. Hasundhornet i Ulstein

12. mai arrangerast det støttemarsjar for naturen i heile Noreg. På Sunnmøre er mykje av kystlandskapet frå Hareidlandet til Vanylven lagt ut som eigna for utbygging i "Nasjonal ramme for ...

Kontaktinformasjon: