Topptur til Laushornet

Fellestur

Dato
14. september kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Geiranger, Laushornet
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Sula Turlag
Turområde
Tafjordfjella (se kart)
Dette arrangementet er over!

Denne turen er avlyst grunna dårlege vermeldingar!

 

Dei fleste har vore i Geiranger, lang færre har vore på Laushornet. Det er kanskje her ein har den beste utsikta over Geiranger, kan vel kalle det fugleperspektiv.

Vi startar frå Vesterås og går via Storsæterfossen til Storsætra, ca. 600 moh. God og mykje brukt rås hit. Ruta vidare held fram forbi Storsætra og elva frå Litledale. Like etter elva er det merka rute bratt oppover mot nord. Vi kryssar etter kvart elva og terrenget flater litt ut etter kvart. Kjem til det svimlande utsiktspunktet ytst på Laushornet (1413moh). Fantastisk utsikt over Geiranger og fjorden. Toppunktet ligg litt lenger bak ca. 90 meter høgare. Retur etter same rute.

Dette er ein tung tur, ca. 1200 meter stigning frå Vesterås til det høgste punktet. Regner med å bruke 5 – 6 timer på turen.

Turleiarar: Nils Roger Matvik, Tlf. 932 92 531 og Rune Skår, Tlf. 980 28 131.

Topptur til Laushornet

Denne turen er avlyst grunna dårlege vermeldingar!   Dei fleste har vore i Geiranger, lang færre har vore på Laushornet. Det er kanskje her ein har den beste utsikta over Geiranger, ...