Torvløysa

Fellestur

Dato
31. august kl. 07:50 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjelltur, Aktivitet Topptur, Fjellutsikt
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Sula Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane, Tafjordfjella (se kart)
Dette arrangementet er over!

Sula Turlag

Målgruppe; For dei som er vant til å gå lange turar i fjellet.
Vi bilar til Rellingsetra i Nordal, den ligg på 570 moh. (bomveg). Frå Rellingsetra er det stort sett flatt fram mot Innsetsetra (600 moh.). Hugs å fylle vannflaska når du kryssar elva (siste sjanse før toppen). Så følgjer ei bratt oppstigning mot Daurmålsfjellet (805 moh.) No er vi over tregrensa, og dei neste 3 km går vi i lett terreng langs ein rygg som ender på eit platå med flott utsikt (1450 moh.). Siste delen mot toppen består av ei gråsteinsur som er krevjande å gå i. Vis varsemd her, spesielt på nedturen. På toppen er det 360 graders panoramautsikt, bl.a. kan vi sjå Pyttegga i aust.
Tidsforbruk ca. 8 t. tur/retur, ta med godt skotøy med god sole. Vindtette klede, hue, hansker og elers etter været på tur dagen. Ny snø kan forkomme på denne tida av året så høgt oppe.
Ved dårleg vær på laurdag så kan turen bli flytta til søndag 16.09.18. Dette blir det opplyst om på nettsidene til ÅST. og Sula Turlag om det blir aktuelt.

Turleiarar: Odd-Rune Havnegjerde, Tlf. 920 95 652 og Anna Marie R. Havnegjerde, Tlf. 482 96 625.

Torvløysa

Sula Turlag Målgruppe; For dei som er vant til å gå lange turar i fjellet. Vi bilar til Rellingsetra i Nordal, den ligg på 570 moh. (bomveg). Frå Rellingsetra er ...