Topptur til Blåbretinden

Fellestur

Dato
17. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Sunnmørsalpene, Hjørundfjorden, Blåbretinden
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Stranda Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Stranda Turlag

Oppmøte : Esso, Stranda kl. 08.00 og 08.30 ved L.P Riksheim Treindustri på Riksheim.

 

Turleiarar : Bjørn Arve Brune, mobil 95732209, og Kjell Magnar Berli, mobil 97117480

 

Blåbretinden (1476) blir ofte kalla Sykkylvens nasjonalfjell. Turen starter ved Erstad/Riksheim og går innover den ca 6 km lange grusvegen til kraftlaget si hytte innerst i Riksheimdalen( ca 700 moh). Turen hit tek ca 1 1/2 - 2 timer. Derifrå går vi over på sti til Storevatnet og etterkvart 3 og 4 vatnet i lett stigande terreng. Frå 4 vatnet går vi bratt opp til toppen av Trandalsskaret (1000 moh), før vi dreier nordover mot renna opp til dagens turmål. Siste 50 -60 høgdemeterane før toppen er bratte med innslag av klyving siste del øverst  i renna. Frå toppen får vi eit fantastisk skue mot Velledalen/Sykkylven, ned Trandalen og til alle dei flotte toppane langs Riksheimdalen. Vi går same ruta tilbake. Dette er ein lang og forholdsvis tung tur (21 km tur/retur) der vi går mesteparten av dei 1476 høgdemetrane.

 

Ca. 5 t til topps.    

Topptur til Blåbretinden

Stranda Turlag Oppmøte : Esso, Stranda kl. 08.00 og 08.30 ved L.P Riksheim Treindustri på Riksheim.   Turleiarar : Bjørn Arve Brune, mobil 95732209, og Kjell Magnar Berli, mobil 97117480 ...