Topptur til Keipen og Lisjedalshornet

Fellestur

Dato
22. juni kl. 09:15
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Sunnmørsalpene, Sæbø
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Stranda Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Stranda Turlag

Oppmøte : Esso, Stranda kl. 09.15, Ferje frå Leknes kl. 10.45

Turleiarar : Lisbeth og Geir Koppang, mobil 95 48 7726

Omlag 2 km på FV 655 frå Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Følg Holebrauta forbi Holen sandtak (du skal ha sandtaket på di høgre side). Sjå etter skilt "Thereseråsa" og følg grusvegen rett opp. Du kan køyre vegen til endes; det er bra med parkeringsplassar der turen startar.

Første delen av denne ruta går i Thereseråsa. Ei rås som er koseleg dekorert med raude hjarte og malte steinfigurar. I 300 meters høgde skal du ta av på sti langs elva. Du finn ein stein med påskrift Nøvedalen, og det er raude merke langs stien. Etterkvart skal du krysse elva (325 moh.) Det er godt merka og stien er tydeleg vidare. Gå vidare på sti til du igjen kryssar elva (600 moh). Like etter at du har kryssa elva deler stien seg. Vi skal ta av til høgre på ein litt mindre tydeleg sti enn den som går vidare framover dalen. Det er merka med ein liten varde. Ganske snart ser vi ein høg varde oppå ein stein. Vi tek til høgre rett etter steinen. Stien blir tydelegare når vi kjem oppå fjellryggen, og den er lett å finne heile vegen opp til Keipen, delvis merka med vardar. Vi tek ein god rast på Keipen (971 moh). Det er flott utsikt her! Herifrå går vi vidare til Lisjedalshornet som er dagens turmål. Det er ca. 300 høgdemeter dit. Det er tydeleg trakk vidare så det er lett å finne ei god rute. Nokre vil nok synest at det er litt meir krevjande/utsett, og det er også litt klyving, men det er ingen spesielle utsette parti, så dei fleste vil nok synest at det er greitt å gå hit. Ein flott tur med god sti heile vegen nesten heilt til topps. Spektakulær Utsikt!

Ca. 2,5 timer til topps.

Topptur til Keipen og Lisjedalshornet

Stranda Turlag Oppmøte : Esso, Stranda kl. 09.15, Ferje frå Leknes kl. 10.45 Turleiarar : Lisbeth og Geir Koppang, mobil 95 48 7726 Omlag 2 km på FV 655 frå ...