Topptur til Svinetinden

Fellestur

Dato
6. april 2019 kl. 09:15
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Topptur, Sunnmørsalpane
Arrangør
Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Stranda Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Oppmøte : Esso, Stranda kl. 09.15. Ferje frå Hundeidvik kl. 10.10

 

Turleiarar : Laila Håvoll Vartdal, mobil: 911 32 084         og  Rolf Ness, mobil. 48112582

 

Frå toppen får ein flott utsikt til Molladalstindane, Kolåstindområdet, Hjørundfjorden og havgapet heilt mot vest.

 

Ein middels vanskeleg skitur, 6 km frå Ytre-Standal, dersom bomvegen er open (vinterstengd) kan ein køyre til P-plass i enden av sætrevegen; 4 km tur derifrå til toppen. Stigning ca.1000m.

 

Farar: tidvis fonnutsett frå Høgevatnet til toppen.

 

Reise til Ytre-Standal:

Via ferge Hundeidvik – Festøy, følg vegen sørover på vestsida av Hjørundfjorden i retning Standal, eller

Via Kvivsvegen og Volda-Ørsta kan ein ta vegen over Standalseidet og følge vegen vidare frå Standal.

Ta av ved brua på Ytre-Standal og køyr opp nokre svingar til øvste garden, bomveg derifrå. Parker på stor parkeringsplass i enden av sætrevegen.

 

Turen; Gå vidare framover dalen til sætra på Hauen, derifrå stig ruta på nordsida av elva, først i glisen fjellbjork-skog, så i åpe terreng til Høgevatnet. Går vidare mot Molladalsskaret, nyt utsikta og gå sidebratt vestover like under egga til toppen (må vurdere utglidningsfare her).

Nedkøyring: følger vi same vegen som opp, eller ved særs gode forhold kan ein renne bratt ned til Høgevatnet (må vurdere skredfare)

 

Ca 3-4 t til topps.

Topptur til Svinetinden

Oppmøte : Esso, Stranda kl. 09.15. Ferje frå Hundeidvik kl. 10.10   Turleiarar : Laila Håvoll Vartdal, mobil: 911 32 084         og  Rolf Ness, mobil. 48112582   ...